Talgje sokneråd starta i januar 2005 eit misjonsprosjekt på Fogn, Halsnøy og Talgje. På desse 4 åra er det samla inn ca 41.000 kr som er sendt til Elizabeth Nyambura i Kenya. Ho er medlem av Hallelujahband som har vitja Norge 4 ganger sidan 2000. Elizabeth driv eit evangeliseringsteam ut i fra Nairobi der ho bur saman med familien sin. Ho er ca 43 år (ein spør ikkje om alderen til ei dame i Kenya) og ugift. Ho har fått mange ekteskapstilbud, men veit at giftarmål i Kenya er einsbetydande med full stopp av sitt evangeliseringsarbeid. Ho har valgt å leva aleine fordi ho vil tena Jesus på heiltid. Elizabeth er oppvaksen i Mathare-slummen i Nairobi. Det er ein plass for dei fattigaste av dei fattige. Av ein søskenflokk på 8 var det 6 som fekk leva opp. Far deira døydde svært ung, så mora hadde ein stri tørn med å brødfø dei alle. Elizabeth fekk berre delvis grunnskuleutdanning, fordi mora ikkje hadde råd til skulepengar for alle. Elizabeth er ei dame med stort pågangsmot. I 2002 fekk ho, ved hjelp av venner i Norge, anledning til å ta eit år på Bibelskule i Nairobi. Seinare fekk ho også hjelp til å starta ein liten musikkforretning. Fra Kenya melder ho at heile familien har det bra. Ho har det travelt og er ein svært etterspurt evangelist og sangerinne. Samstundes må ho ofte fortelja sine medsøstre korleis ho har komme seg opp og fram i livet. Eg har med jevne mellomrom meldingar på sms om korleis ho har det. Denne fekk eg i går(30.11.09). ”Eg har det bra kjære broder. Eg saknar dokke i Norge, hels til alle. Akkurat nå er eg ute på ein møteserie. Kjem tilbake til Nairobi i neste veke. Snakkes då.” Kontaktperson for Hallelujaband i Rogaland og kontaktperson for Elizabeth er Jostein Gard, Talgje. Tlf. 90 05 92 81.